
Idar Handagard er ein av dei mange kulturarbeidarane som gjorde frå-haldsrørsla til noko meir enn berre ei rørsle som arbeidde for å hindre omsetting og bruk av rusmiddel. Han var fødd i Kristiansund og rekna seg som nordmøring, enda han berre var 12 år gammal då han flytta derifrå til Bergen. Frå 1893 studerte han medisin i Kristiania, og han fekk ein flott eksamen i 1905. Men ved sidan av medisinstudiet dreiv han forsking på andre felt, og i 1907 fekk han Kongens gullmedalje for ei avhand-ling om norske plantenamn. Same året fekk han og pris for den første nynorske læreboka i helselære: «Mannalikamen og helsa»,ei bok som etter kvart kom i mange opplag.
I studietida engasjerte han seg aktivt i fråhaldsarbeid. Han gav opp den kristne grunngjevinga for fråhaldsstandpunktet som han hadde med seg heimanfrå, men la vekt på den naturvit-skapelege og etiske. Han skreiv dikt og bokmeldingar i «Menneskevennen», bladet til DNT, og han var med og fekk liv i Studentavholdslaget i Oslo igjen, som fekk ei stordomstid i dei åra Handagard var drivkrafta, på 1890-talet. Også i Oslo Avholdslag var han med, og fekk m.a. i gang amatør-teaterverksemd der.
Etter kvart var det som skribent og diktar Idar Handagard først og fremst blei kjent, og mykje av engasjementet vart knytt til målrørsla og aktivt arbeid for nynorsken. I 1905 stod han på ytterste venstre fløy i striden om sjølvstende og kongedømme, og han hadde mykje sans for Oscar Nissen, DNT-leiaren 1879-87 som vart leiar av Arbeiderpartiet frå 1906-11.
Idar Handagard kom ikkje til å praktisere som lege, men ville leve av måldyrkingsarbeid i medisin og botanikk. Han gav ut over eit halvt hundre bøker: lærebøkene i helselære og hygiene og fagbøker som «Doktorboki» (1913), «Vanlege sjukdomar» (1925), «Saftboki» (1915) og bøker med historiske og litteraturhistoriske emne. I 1932 gav han ut den første norske verselæra «Norsk verslæra», som i mange år var nytta som lærebok på universitetet. Idar Handagard var frå 1932 statsstipendiat som vitskapsmann.
Fråhaldsrørsla kom til å ha stor og varig glede av kunnskapane og skriveevna til Idar Handagard. Han skreiv ei lang rad artiklar frå fråhaldsrørslas historie, m.a. om «Afholds-arbeidet ved Kristiania Universitet» (1902), om Oscar Nissen (1943), Asbjørn Kloster (1950), Fredrik Tobias Knudsen (1927) og Carl Reynolds (1951), og om «Brennevinet. Kva tid kom det inn i Noreg? Når vart det ein vanleg rusdrykk her i landet?» (1951). Spesielt interessant er det litteraturhistoriske verket «En samfunds-ide og dens digtere I – II» som kom i 1915 saman med ein «Anthologi». Mange diktsamlingar gav han og ut, både på nynorsk og bokmål, og fleire av dikta er klassikarar i songbøkene i fråhalds-rørsla, t.d. «Syng vor sag i toner frem / syng den lydt og længe!»
Kjelder:
Handagard, I: Afholdsarbeidet ved Kristiania universitet. Afholdsvennernes Aarbog 1902 Bakken O./ Sundet O.: «Idar Handgard – mannen og livsverket hans». Globusforlaget 1944 Johnsen,H.:Norsk Avholdslitteratur II. Oslo 1954. Søraa, Ø: Idar Handagard 85 år. (Folket 7/8-1959) Norsk Allkunnebok bd. 5 (1953) BIBSYS Søkeresultat Nasjonalbiblioteket.



